Mykje kraft
i god kunnskap
Det er ei historie om kunnskap, erfaring og viljen til alltid å finne betre løysingar. For kundane våre. Og naturen rundt oss.
Kven er Hywer?
Hywer er ein erfaren totalleverandør av løysingar til vasskraftbransjen, med solid kompetanse frå over 600 gjennomførte vasskraftprosjekt.
Vi har levert meir enn 90 nøkkelferdige vasskraftverk til både små og store kundar, og har brei erfaring frå både nybygg og rehabilitering.
Med ein lettbeint organisasjon på rundt 50 tilsette kan vi ta ansvar for heile prosessen – frå konsesjon og teknisk planlegging til ferdig utbygd anlegg.
Dette gjer oss til ein trygg og effektiv samarbeidspartner som sikrar kvalitet, framdrift og gode løysingar i alle fasar av prosjektet.
Med sterk fagkompetanse og fokus på berekraft leverer vi framtidsretta vasskraftløysingar og skapar verdi for kundane våre.
Vår ambisjon er å vere ein leiande aktør innanfor berekraftig vasskraft – og førstevalet når prosjekt skal realiserast.
Produkta og tenestene våre