Aktuelt

Fagseminar med Tussa, Tafjord, SFE og Hywer i Sandane

Den 7.–8. februar 2024 fekk vi til ei samling med Tussa, Tafjord, SFE og Hywer på Gloppen hotell i Sandane. Der fekk me interessante faglege innlegg, og det var òg ei fin moglegheit til å utveksle erfaringar frå gjennomførte prosjekt og diskutere driftsutfordringar og drodle rundt nye prosjekt. Hywer set pris på konstruktive tilbakemeldingar og synest det var ei givande samling både fagleg og sosialt.

Befaring på inntaket til Eidsfossen Kraftverk til SFE Produksjon

Aktuelt

Frå i Malaysia til Dale: – Ein må vere litt uredd og eventyrlysten

Då Bjarte (39) og Marie (38) skulle flytte heim til Noreg med familien etter å ha jobba på Borneo i Malaysia, kunne dei ha flytta tilbake til leilegheita i Oslo. I staden valde dei Dale i Sunnfjord.

Tok ein sjanse på Dale

– Vi kunne eigentleg ha halde fram i dei jobbane vi hadde, då vi flytta heim til Noreg, men både Marie og eg var interesserte i å flytte vekk frå Oslo. Då det opna seg ei spennande moglegheit i Dale, var det berre å gripe den moglegheita, fortel Bjarte Seim.

Han er avdelingsleiar for prosjektering hos Hywer og flytta til Dale med sambuaren Marie og to barn i 2017. I mellomtida har dei fått endå eit tilskot til familien – og i skrivande stund er fjerdemann rett rundt hjørnet.

Bjarte er frå Vinderen i Oslo, men flytta til Trondheim og starta eit studium på NTNU. Han trekker fram det fagleg sterke universitetsmiljøet og eit svært godt studentmiljø som fordelar med NTNU. Det var òg her han trefte Marie.

– Det var mykje studiar, men òg mykje sosialt. Det vart nokon turar innom Samfundet, smiler Bjarte.

Frå Trondheim til utlandet – og tilbake

Sidan både Bjarte og Marie er eventyrlystne og uredde, tok det ikkje mange år før turen gjekk utanlands. Aller først til Georgia, der dei hadde ansvaret for førebuande arbeid for eit vasskraftverk. Deretter gjekk turen tilbake til Noreg, men kort tid seinare sette paret kurs mot Malaysia.

«Det freista å kunne kombinere det å jobbe med spennande prosjekt med det å bu ein eksotisk stad, så då må ein gripe dei moglegheitene ein får.»
Bjarte Seim
Avdelingsleiar, Hywer

Då tida var inne for å returnere til Noreg i 2017, var det enklaste valet å reise heim igjen til leilegheita i Oslo, med trygge rammer og fast jobb. Med born på flyttelasset ville sannsynlegvis dei aller fleste ha valt å gjere det på den måten – men i staden fall valet på jobb hos Brødrene Dahl AS i Dale i Sunnfjord.

God arbeidsplass og nærleik til natur

Bjarte peikar på fleire faktorar som gjorde at valet blei lett: ein teknisk interessant jobb, eit spennande kulturliv i bygda, nærleik til vakker natur – og fint vêr under jobbintervjuet.

– Vi reiste opp for å ta ein titt på arbeidsplassen og Dale sommaren 2017, og det var nydeleg vêr under besøket. Det var herleg å kunne ta ein kaffi eller eit pizzastykke ute i sola, smiler Bjarte.

Han peikar òg på nærleik til naturen som ein viktig del av reknestykket, og at Dale har eit svært aktivt fritids- og kulturliv. Han trekker fram eit aktivt klatremiljø (både innan- og utandørs) i området rundt Dale og i Førde, godt og vel 45 minutts køyretur unna. Om ein er sykkelentusiast, finst det grupper for både stisykling og landevegssykling, og på vinteren er det fine forhold for skiløparen.

 

Familien på fem nyt nærleiken til den fantastiske naturen i Sunnfjord.

Spennande kulturliv og fritidsaktivitetar

I tillegg er det eit veksande rullebrettmiljø i bygda, der Bjarte sjølv er formann i skateklubben.

– Vi fekk tilskot av Hywer til å byggje ei rullebrettrampe, og vi har fått midlar frå kommunen og Sparebankstiftelsen og spelemidlar for å byggje ut ein større rullebrettpark, fortel Bjarte. Han held fram:

– Det er lettare å få til ting her på «bygda». Det er eit lite lokalsamfunn der alle kjenner alle, og det er små ting som skal til for å få noko til å skje. I byen hadde dette vore ein mykje større prosess.

I tillegg til å gi midlar til rullebrettrampa, er Hywer sponsor for lokale idrettslag. Dei inviterer òg skuleklassar på ein «fysikkdag» på det lokale kraftverket, der ungdom kan få lov til å prøve seg på berekningar og utrekningar som må til for å byggje eit vasskraftverk.

– Den lokale barnehagen får òg komme på besøk, men kanskje aller mest av omsyn til kakaoen, smiler Bjarte.

Tilflytting gir positive ringverknader

Mange av dei som jobbar hos Hywer, har ei lokal tilknyting, men det er stadig fleire som flyttar til Dale berre på grunn av jobben – utan å ha nokon som helst tilknyting til området frå før. Denne tilstrøyminga har positive ringverknader i lokalsamfunnet, og eksterne arbeidsplassar vert skapte: fleire born i barnehagen og på skulen, fleire som handlar mat i nærbutikken, fleire som klipper seg, fleire som handlar sportsutstyr, og fleire som nyt ein kaffi og ein pizza i sola.

– Det er mindre skummelt å flytte til utlandet, eller til til dømes Dale, når ein set seg eit mål om å gjere det ei avgrensa tid. Vi bestemte oss til dømes for å bu i Malaysia i to år. Då vi flytta heim, bestemte vi oss òg for å prøve Dale i rundt to år – men no har vi budd her i nesten sju år og har ingen planar om å flytte med det første, ler Bjarte.

Karriere i Hywer?

Hywer er alltid interessert i nye kollegaer som deler engasjementet vårt for vasskraft. Vi oppmodar alle med relevant utdanning eller erfaring til å sende ein open søknad til post@hywer.no eller kontakte dagleg leiar.

Rune Skjevdal

Dagleg Leiar

97 02 20 14
rune.skjevdal@hywer.no