Karriere

Er du engasjert og komfortabel med å utfordre etablerte måtar å jobbe på, vil du passe godt inn hos oss.

Jobbe i Hywer

I Hywer er ingen prosjekt like. Vi jobbar med alt frå enkeltleveransar av vassvegsutstyr og rehabiliteringsoppdrag til totalansvar for større og meir komplekse prosjekt. Dette gir eit hav av moglegheiter for å tenke nytt og vere kreativ. Vi tør å tenke utanfor boksen for å finne dei beste og mest kostnadseffektive løysingane, for kundane våre og naturen rundt oss. Er du engasjert og komfortabel med å utfordre etablerte måtar å jobbe på, vil du passe godt inn hos oss.

Bu og Jobbe i Dale

Den vesle bygda Dale ligg i Fjaler kommune i Vestland fylke med i overkant av 1200 innbyggjarar. Dale er ikkje berre ein vakker stad med fjord og fjell som nærmaste nabo, det er òg ei bygd med lange tradisjonar og eit myldrande kulturmiljø. I Dale har du nærleik til «alt».

Ledige stillingar

Hywer er alltid interessert i nye kollegaer som deler engasjementet vårt for vasskraft. For tida har vi ingen ledige stillingar, men vi oppmodar alle med relevant kompetanse å sende oss ein open søknad.