Vi ser heile biletet.

Kunnskap om vasskraft handlar for Hywer om eit større bilete som omfattar natur, teknologi, prosjektering, produktutvikling og utbygging.

Med erfaring frå over 600 vasskraftprosjekt har Hywer utvikla seg til ein totalleverandør til vasskraft.

Produkta og tenestene våre

  • Hywer produserer og leverer skreddarsydde komponentar og standardkomponentar for å byggje eller oppgradere vasskraftverk. Med eit omfattande nettverk av samarbeidspartnarar sikrar vi den optimale løysinga for kvart prosjekt. Vi strevar etter å tilby rett kvalitet til rett pris til avtalt tid kvar dag.

  • Hywer har lang erfaring med utbygging av nøkkelferdige vasskraftkraftverk og har levert over 80 komplette kraftverk. Vi leverer til små og store kundar og har erfaring både frå nybygg og rehabilitering. Hywer tek ansvar for prosjektet gjennom alle nødvendige fasar – frå konsesjon, gjennom tekniske planar og til utbygging.

  • Hywer har engasjerte og dyktige ingeniørar som lagar løysingar til alle leveransane og prosjekta våre. Ingeniørane våre gjer all nødvendig prosjektering frå utvikling av prosjekt til produksjon av delar og bygging av prosjekt.

  • Hywer har maskinar for å realisere prosjekt der det er nødvendig å etablere vassveg i fjell. Som eit alternativ til konvensjonell driving av tunnel kan retningsstyrt boring eller bruk av tunnelboremaskin (TBM) vere gode alternative løysingar. Hywer har ein borerigg for retningsstyrt boring, ein TBM og ein skyverigg for å skyve stålrør.

  • Hywer har utvikla eit digitalt system for drift, overvaking og loggføring av blant anna produksjon, minstevassføring, årleg kontroll og service. Systemet kan monterast på alle anlegg, både gamle og nye. Hywer sine montørar har brei erfaring med drift, montasje og vedlikehald og har både elektrisk og mekanisk kompetanse.

«Hywer har alt, frå komponentar til utføring. Dei har en komplett pakke og kan levere utstyret ein treng.»
Jan Terje Solhaug
Utbyggingsdirektør, Cadre AS

Kontakt oss

Vi vil gjerne høyre frå deg. Ta kontakt med ein av våre tilsette for ein prat om moglegheitene for ditt prosjekt.

Nils Inge Yndestad

Avdelingsleiar, Sal og Leveranse

95 14 93 25
nils.yndestad@hywer.no

Ståle Haugen

Ingeniør, Sal og Leveranse

97 66 05 59
stale.haugen@hywer.no