Vassvegskomponentar

Luker

Hywer har eigne lukedesign og erfarne konstruktørar som gjer at vi kan levere alle typar luker tilpassa behovet til kundane våre. Vi har standardiserte design på rulle- og glideluker.

Glideluke

Glideluker

Glideluker vert nytta til både inntaksluker, tappeluker og revisjonsluker. Krefter frå vasstrykket vert overført til betong via glidelister og vertikale føringar. Lukebladet kan utførast som ei massiv plate, ei plan frontplate understøtta av ribber eller som skalkonstruksjon. Glideluker kan lagast med både oppstrøms og nedstrøms tetning. Det er store manøvreringskrefter i spel når glideluker skal opererast med einsidig trykk.

Rulleluker

Rulleluker er ein viktig komponent i mange vasskraftverk. Dei er utforma med liten friksjon, noko som gjer at dei kan latast att ved hjelp av eigen vekt. Denne unike eigenskapen gjer rulleluker særleg høvelege som inntaksluker og nødstengeorgan i vasskraftverk.

Andre luker

Hywer kan òg levere klappluker, segmentluker, gummiluker m.m. alt etter kva kundane våre treng.

Kontakt oss

Vi vil gjerne høyre frå deg. Ta kontakt med ein av våre tilsette for ein prat om moglegheitene for ditt prosjekt.

Kenneth Løset

Ingeniør, Sal og Leveranse

92 24 95 86
kenneth.loset@hywer.no

Nils Inge Yndestad

Avdelingsleiar, Sal og Leveranse

95 14 93 25
nils.yndestad@hywer.no