Om Hywer

Hywer AS er ein totalleverandør av løysingar til vasskraftbransjen. Vi held til i Dale i Sunnfjord og har levert over 80 komplette småkraftverk og leveransar til over 600 prosjekt. Hywer er i stadig vekst og har ein omsetning på om lag 650 millionar kroner. Visjonen vår er å vere leiande på berekraftig vasskraft.

Organisasjon

Hywer sin organisasjon består av rundt 45 kompetente medarbeidarar. Vi dekker heile Noreg, med hovudkontor i Dale i Sunnfjord, kontor i Oslo og satellittar frå sør til nord.

Våre tilsette har brei bakgrunn som spenner frå praktisk utdanning med fagbrev/meisterbrev til fagskule og ingeniørutdanning. Vi dekker fagfelt innan mekanikk, byggteknikk, elektro, natur- og arealforvaltning, prosjektleiing og økonomi. Hywer er ei lærebedrift og har lærlingar i praksis. Vi har tilsette med godkjenning som fagansvarleg innan fagområde 3 i NVE (stenge-/tappeorgan, rør og tverrslagsportar) i alle konsekvensklasser.

Hos Hywer er det kort avgjerdsveg. Vi nyttar breidda vår når vi står ovanfor komplekse problemstillingar, og samlar gjerne eit tverrfagleg team med erfaring frå montasje, prosjektering og  prosjektleiing når vi tek vanskelege val i ein utviklings- eller byggjefase. Vi skal òg ha det kjekt på jobb, med ein kultur der humor, takhøgde, integritet og læring er viktige ingrediensar.

Verdiane våre

Verdiane våre er 

  • påliteleg 
  • verdiskapande 
  • kompetent 

Påliteleg betyr at vi er til å stole på, at vi er ærlege mot kvarandre og kundar, og at vi leverer det som er avtalt. Som tilsett i Hywer gir vi beskjed dersom det oppstår problem undervegs.

Verdiskapande betyr at vi alltid jaktar etter dei beste og mest kostnadseffektive løysingane for kundane våre. Vi tek initiativ til forbetringar og er i front i fagleg utvikling. 

Kompetent betyr at vi er klar over kva vi kan og ikkje kan. Kompetanse er Hywers viktigaste konkurransefortrinn.

Historia vår

Hywer si historie strekker seg tilbake til 2004 i samband med småkraft-boomen i Noreg. Eldsjeler som har brunne for å realisere mest mogleg fornybar energi med lite konfliktpotensial, har utvikla verksemda til eit av landets beste kompetansemiljø for heilskaplege leveransar til vasskraftbransjen. 

Historia til eigaren vår, Saint-Gobain, strekker seg heilt tilbake til bygginga av spegelsalen i Versailles i 1665!