Om Hywer

Historia vår

Hywer si historie strekker seg tilbake til 2004 i samband med småkraft-boomen i Noreg. Eldsjeler som har brunne for å realisere mest mogleg fornybar energi med lite konfliktpotensial, har utvikla verksemda til eit av landets beste kompetansemiljø for heilskaplege leveransar til vasskraftbransjen.

Historia til eigaren vår, Saint-Gobain, strekker seg heilt tilbake til bygginga av spegelsalen i Versailles i 1665!

Hywer si historie starta rundt år 2000 då Brødrene Dahl i Førde begynte å selje rør til kraftutbyggingar i regionen. I takt med aukande småkraftutbyggingar i Noreg vart omsetninga på leveransar til vasskraft til slutt så stor at vasskraft vart etablert som eit eige satsingsområde, og i 2004 kom tilsett nummer to. I tillegg til sal av rør begynte verksemda med innkjøp av ventilar og stålkonstruksjonar til vassvegar, og verksemda etablerte kompetansepersonar i ulike delar av landet.

Talet på tilsette auka jamt utover 2000-talet, og i 2009 kom ein stor milepæl då verksemda flytta til Dale i Sunnfjord, no som eiga avdeling (BD Vasskraft) med seks tilsette. Veksten heldt fram i Dale, og i 2017 vart det tatt eit stort steg med satsing på totalentreprisar og rundt 20 tilsette. I 2020 vart det vedteke å skilje ut BD Vasskraft som eit eige selskap, Hywer AS, no med over 40 tilsette.  

Saint-Gobain, konsernet som eig Hywer, har hovudkontor i Paris i Frankrike og har rundt 166 000 tilsette. Selskapet vart starta i 1665 då kong Ludvig den 14. skulle byggje sin berømte spegelsal i Versailles og ikkje ønskte å kjøpe glasa frå Tyskland. Det vart då etablert ein liten verkstad i landsbyen Saint-Gobain, som eit par år seinare hadde levert alle glasa kongen hadde behov for. Saint-Gobain er i dag eit globalt selskap, til stades i 76 land og med 3500 salskontor over heile verda. Dei eig 800 fabrikker med produksjon av alt frå duktile støypejernsrør til sement, isolasjon og glas. To av dei største eigarane i Saint-Gobain er dei tilsette og det norske oljefondet. Som eigar stiller Saint-Gobain strenge krav til Hywer med tanke på berekraft, etikk og produktivitet. Som ein del av konsernet får Hywer tilgang til salskontora over heile verda, slik at vi kan plukke ut dei beste leverandørane som overheld dei strenge krava våre. Vi får òg tilgang til verdifull kompetanse, erfaring og finansielle midlar.   

Med overtakinga av Norsk Grønnkraft i 2022 nådde Hywer ein ny milepæl, med seks nye tilsette, ein tunnelboremaskin og fleire prosjekt under utvikling og bygging. Norsk Grønnkraft vart som Hywer etablert i 2004 av fire sentrale, offentleg eigde energiselskap på Austlandet, med det formål å utvikle, byggje og drifte småkraftverk – altså ein byggherreorganisasjon. Overtakinga av Norsk Grønnkraft har ført til styrka byggfagleg og elektroteknisk kompetanse og ytterlegare heilskapleg byggherrekompetanse.