Vassvegskomponentar

Stålkonstruksjonar

Hywer prosjekterer, leverer og monterer mange ulike typar stålkonstruksjonar for kundane våre. Vi jobbar for å lage kostnadseffektive og berekraftige design, med fokus på funksjonalitet. Typiske leveransar er bend, dimensjonsovergangar og forgreiningar til vassvegar, inntakskonstruksjonar, rørbruer og varegrinder.

Stålkomponentar til vassveg

Stålkomponentar til vassveg og rør kan typisk vere bend, dimensjonsovergangar og forgreiningar.

Komponentar vert gjerne produserte i epoksybehandla eller rustfritt stål, anten frittliggande monterte eller innstøypte i forankring. Delar kan ha utstikk for mannhol, ventilar, trykkgivarar eller anna.

Forgreiningar brukast ved overgang frå ein vassveg til fleire turbinar eller andre uttak. Hywer lagar hydraulisk godt utforma bukser i alle storleikar.

For standardiserte rør vert det ved trykk over 30 bar ofte naudsynt å ha spesialtilpassa bend, dimensjonsovergangar og anna laga i stål. Komponentane vert som oftast produserte i epoksybehandla eller rustfritt stål, gjerne med maskinert spissende i rustfritt stål, for direkte montering saman med duktile rør.

Komponentane vert designa og berekna til kvar enkelt produksjon.

Inntak

Ein typisk leveranse til småkraftverk er ein komplett inntakskonstruksjon som vert produsert i epoksybehandla, rustfritt eller syrefast stål. Innstøypte delar vert konstruerte for å handtere både tetting og opptak av krefter frå ventil. Hywer leverer òg enkeltkomponentar til inntak, alt etter kva kunden treng.

Dei enkelte komponentane kan leverast i ein samansett konstruksjon med ferdig påmontert rørbrotsventil med både utløysar og fylle- og minstevassystem. Systemet vert gjennomgått på verkstaden før frakt og er klart til montering på anlegg som ein eining.

Rørbruer

Hywer bereknar, konstruerer og produserer rørbruer tilpassa kvart enkelt anlegg. Rørbruer kan vere produserte i éi lengde eller som delar for montasje på anlegg, anten med flensar eller sveiste saman. Rørbruer vert som oftast laga med epoksybehandla eller rustfritt stål.

Rørbruer kan leverast med ferdig påmontert trekkerør for straum og signalkabel og gangbane.

Varegrinder/finrister

I forkant av inntakskonusen må ein montere ei rist/varegrind som hindrar større gjenstandar som greiner, kvister og steinar i å komme inn i vassvegen, slik at ein unngår skade på rørgata og turbinen. Varegrinda hindrar òg eventuelle fisk eller dyr i å entre vassvegen. For å unngå isproblem må rista plasserast med tilstrekkeleg dykking frå vasspegelen i inntaksbassenget. Rista vert utforma og plassert slik at ho gir minst mogleg falltap og gunstige innløpsforhold. Lysopninga mellom stavane i rista må tilpassast anlegget og forholda i det enkelte vassdraget og ta omsyn til både produksjon, oppetid og organismar i inntaksbassenga.

Ristene vert som oftast produserte i rustfritt materiale, men kan òg leverast i ubehandla eller varmgalvanisert stål, PE og komposittmateriale.

Coanda-rister/Fossekallen-inntak

Inntaket på eit kraftverk er komplisert og må planleggast nøye før det vert bygd. Det må takast omsyn til vilkåra i konsesjonen og ikkje minst til forholda i det vassdraget ein skal byggje i.

Om inntaket er feil utforma, vil det føre til tapt produksjon og reduserte inntekter. Hywer har eit komplett spekter av utstyr til alle typar inntak. Dei siste åra er det jobba mykje med rister med Coanda-effekt, ofte omtala som Fossekallen-inntak.

Dette er inntak som kan etablerast der det er vanskeleg tilkomst til drift og tilsyn. For at inntaket skal fungere optimalt, er viktig å ta omsyn til strømmingar, dykking, sedimenttransport, drivgods, ising og krav frå turbinprodusenten.

«Hywer er gode på å levere systema komplette. Dei leverer i tide og er gode på opplæring. Slik er dei komplette. Vi set òg pris på at vi kan plukke opp telefonen og få kjappe svar.»
Rein Husebø
Administrerande direktør, FORTE Vannkraft AS

Kontakt oss

Nils Inge Yndestad

Avdelingsleiar, Sal og Leveranse

95 14 93 25
nils.yndestad@hywer.no

Kenneth Løset

Ingeniør, Sal og Leveranse

92 24 95 86
kenneth.loset@hywer.no