Produkt og tenester

Utbygging og rehabilitering

Hywer si erfaring frå utbygging og rehabilitering spenner breitt – som totalentreprenør og byggherre for vasskraftverk med installert effekt på opp mot 10 MW (småkraftverk) til større leveransar og utviklingsprosjekt for storkraft. Vi har levert fleire rehabiliteringsprosjekt, både utskifting av eldre rørgater og byte av mekaniske konstruksjonar. Vi utfordrar alltid tekniske løysingsval og gjennomføringsplanar, med mål om å skape mest mogleg kostnadseffektive og berekraftige løysingar for kundane våre.

Hywer tek ansvaret for vidareutvikling av prosjektet, uavhengig av kor langt det har komme i planprosessen. Vi ser store fordelar med å gå i dialog med kunden allereie i konsesjonsfasen for å kunne påverke design og løysingsval tidleg i prosessen. Vi bidreg òg som rådgivar i tidlegfase og kan gi estimat og tekniske løysingsforslag som inngår i investeringsavgjerder. Om konsesjonen er på plass, har vi omfattande erfaring med tekniske plandokument og detaljplanar for miljø og landskap. Som utstyrsleverandør og tenesteleverandør sikrar vi at prosjektet er så godt detaljert at det vert få revisjonar av aktuelle plandokument, og tek med oss ferske erfaringar frå utbyggingsprosjekt i planprosessane. Vi snur oss raskt rundt for å finne gode løysingar saman med offentlege myndigheiter og kundane våre.

Hywer si utbyggingsavdeling har ein fleksibel prosjektorganisasjon som tilpassar gjennomføringa til kompleksiteten i det enkelte prosjektet og kunden sine ønske. Vi jobbar med ulike entrepriseformar og har erfaring som byggherre, totalentreprenør og samspelsentreprenør. For å sikre gode prosjekter gjennomfører vi grundige anbodsprosessar med underentreprenørar, der vi vektlegg kvalitet, pris, gjennomføringsevne og kjennskap til lokale forhold. Hywer er sertifisert etter ISO9001 og ISO 14001 og følger ein godt utprøvd metodikk for å sikre oppfølging av SHA, kvalitet og ytre miljø i prosjektet. Vi har interne ressursar som prosjekterer og gjer innkjøp, noko som sikrar god flyt og korte avgjerdsvegar.

Kontakt oss

Vi vil gjerne høyre frå deg. Ta kontakt med ein av våre tilsette for ein prat om moglegheitene for ditt prosjekt.

Magnhild Roe

Avdelingsleiar Bygging

99 55 96 93
magnhild.roe@hywer.no

Svein Halveg

Avdelingsleiar Utvikling

95 77 93 01
svein.halveg@hywer.no

Rune Skjevdal

Dagleg Leiar

97 02 20 14
rune.skjevdal@hywer.no