Karriere

Bu og jobbe i Dale

Den vesle bygda Dale ligg i Fjaler kommune i Vestland fylke med i overkant av 1200 innbyggjarar. Dale er ikkje berre ein vakker stad med fjord og fjell som nærmaste nabo, det er òg ei bygd med lange tradisjonar og eit myldrande kulturmiljø. I Dale har du nærleik til «alt».

Nærleik til naturen og friluftsaktivitetar

Frå sentrum er det eit eldorado av fjelltoppar og stinett tilgjengeleg, både korte ettermiddagsturar til turmål som Jarstadheia, Jyttelshogen og Grøneholten og lengre turar til spektakulære fjelltoppar som Helleberget, Kringla og Storehesten. Uansett fjell er du garantert storslått natur og vakker utsikt til fjord, hav og ville fossar. Om sommaren er det lite som slår å sykle på dei lite trafikkerte vegane som snirklar seg langs fjordane eller padle kajakk ut til Laukelandsfossen. Det er òg eit fint skiteterreng rundt Dale, både for langrenn, topptur og fjellski. Kystklimaet gjer rett nok at vinteren kan vere kort. Vegen er likevel ikkje lang til dei snørike fjella i Jølster eller Gaularfjellet, der skisesongen varer til ut på våren. Langeland skistadion byr på flotte langrennsløyper ein halvtimes køyretur unna Dale.

Nærleik til idrett

I Dale er det ei sterk idrettsånd med gode fotball- og handballag. Dale IL tilbyr lagtreningar innan badminton, volleyball, sykling, klatring, friidrett og kampsport, i tillegg til gruppetimar og styrkerom. Private aktørar arrangerer yogatimer, sirkeltrening, løpetrening og lokale løp, og på Hauglandssenteret i Flekke er det svømmeundervisning.

Nærleik til kulturtilbod

Dale har eit rikt og variert kulturtilbod. Er du litteraturinteressert, kan du ta turen til Jakob Sande-senteret i Klokkargarden som arrangerer salongar og kurs om forteljarkunst og litteratur. Er du kunstinteressert, kan du ta turen til Nordisk Kunstsenter på Dalsåsen som arrangerer opne dagar og framsyning av kunsten. Er du musikkinteressert, finst det korps, kor, spelemannslag og ein aktiv kulturskule. Samvirket scene og Trudvang ungdomshus arrangerer konsertar med kjente og ukjente artistar. Og for ikkje å gløyme teater – Dale har ein høg konsentrasjon av regissørar og tekstforfattarar som set sitt preg på bygda. Teaterfestivalen er ein årleg festival der Dale vert forvandla til ein magisk stad med scenekunstnarar frå heile landet som skapar liv og røre med dei mest aktuelle oppsettingane.  På Teaterfestivalen kan du bidra som frivillig, eller du kan gå frå teater til fest – frå Motorphsycho i skogen til Romeo og Juliet, eller kva med afghansk te-salong?

DeKor er eit av to vaksenkor i Dale som har fleire opptreden i løpet av året.

Teaterfestivalen er ein festilval som har slått rot med nasjonal interesse

Nærleik til butikkar, restaurantar og kafear

I sentrum finst det kafear både på Allmuen og Fabel, restaurantar på Fabel og Kaia pub og tre matbutikkar. På Dale senter er det òg frisør, sportsbutikk, leikebutikk og alt-mogleg-butikk. Skal du på større handletur, er Førde og Bergen nærmaste stad.

Nærleik til barnehage, skule og leikeplassar

I sentrum finst det to barnehagar og ein nyoppussa barne- og ungdomskule på Dingemoen. Dale har òg ein vidaregåande skule med retningane studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, teknologi og industrifag og helse og oppvekst. Bur du i Dale med born, er det enkelt å komme seg rundt, med gå- og sykleavstand til jobb, barnehage, skule og aktivitetar.

«Det er lettare å få til ting her på «bygda». Det er eit lite lokalsamfunn der alle kjenner alle, og det er små ting som skal til for å få noko til å skje. I byen hadde dette vore ein mykje større prosess.»
Bjarte Seim
Avdelingsleiar i Hywer

Nærleik til næringsliv

Dale og regionen rundt har eit aktivt og attraktivt næringsliv med mange jobbmoglegheiter. Ti minutt unna Dale finn du Haugland rehabiliteringssenter i Flekke, som er ein viktig arbeidsplass innan helse, lokalisert saman med United World College (UWC). UWC tilbyr eit internasjonalt toårig vidaregåande studium med studentar frå heile verda. I Flekke finn du òg Norconsult sin PEX-avdeling, som er eit kompetansemiljø innan gjennomføring av teknisk komplekse prosjekt som omfattar fornybar energi og industri. På Dale senter er det mange kompetansearbeidsplassar innan IT, blant anna Hansen Technologies. Fjaler Kommune er òg ein viktig arbeidsplass. Og med 40 min til regionssenteret Førde er fleire andre store arbeidsplassar innan rekkevidde, som blant anna Tibber, BKK, NVE, Helse Førde, Norec og Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Nærleik til menneska og vennskap

Dale med sine mange tilbod og moglegheiter gir fleire naturlege møtepunkt. Det er kort veg frå dei lokale matbutikkane til spinningsykkelen og fest i Klokkargarden. Møtepunkta gir ein nærleik til menneska og bygda og skapar eit godt og trygt samhald. Når du møter opp på eit arrangement, veit du at du møter nokon kjente – for Dalingar stiller opp for kvarandre og heiar på kvarandre. Har du ein fiks idé, er Dale staden for å realisere den.