Hywer har signert kontrakt med Østfold Energi for utbygging av Gravdalen kraftverk i Lærdalsfjella på nesten 1200 meters høgde. Kraftverket skal produsere 60 GWh ny kraft og skal utnytte eit fall på om lag 330 meter.

Etter nokre månader med snørydding og med alle løyve på plass, er vi i gang med å klargjere infrastrukturen for elektrisk tunnelboring. Denne løysinga vil berre stå for 1/8 av CO2-avtrykket samanlikna med ein sprengt tunnel med eit minimum tverrsnitt på 20-25 m².

Hywer skal levere komplett fjellarbeid med ein TBM-driven tunnel på 5 km og sprengde adkomsttunnellar og kraftstasjons hall i samarbeid med Hæhre Entreprenør.

I samarbeid med Spetals Verk og andre leverandørar skal vi levere komplett hydromekanisk og elektromekanisk utstyr til kraftverket.

Vi leverer sjølve prosjekterings- og prosjektleiar tenestene og har med oss sideentreprenørar på bygg, anlegg og sjaktboring.

Klargjering av påhugg før TBM’en kjem på plass

Aktuelt

Bevaring av alle studielinjene på Dale vidaregåande skule: Ein appell frå Hywer

Som ein stolt del av det lokale næringslivet i Fjaler og nabokommunane, kjenner vi i Hywer på ei djup og nødvendig forplikting til å støtte opp under vårt lokalsamfunn på dei måtar vi kan. Hywer omset for 650 millioner kroner årleg og er ein landsdekkande leverandør til vasskraftbransjen med hovudkontor og kompetansebase i Dale. No står vi overfor ei utfordring som ikkje berre angår oss som bedrift, men også framtida til våre ungdomar og lokalsamfunnet.

Det er frå Vestland fylkeskommune føreslått å kutte 3 studielinjer ved Dale vidaregåande skule, ei avgjerd som vi meiner vil få alvorlege konsekvensar både for elevane og for oss som næringslivsaktørar i regionen. I Hywer har vi ei mangfaldig arbeidsstyrke som inkluderer lærlingar og montørar som har gjennomgått utdanninga som industrimekanikarar frå Dale vgs., i tillegg til tilsette som har følgt den erfaringsbaserte yrkesvegen og dei som har vidareutdanna seg til ingeniørar og sivilingeniørar. Hywer har over tid etablert ein sterk relasjon med Dale vgs., som blant anna inkluderer ekskursjon og studieopplegg for Fysikk-klassa. Lokale vidaregåande elever med interesse for vidare utdanning innan vasskraft vert følgt opp med tilbod om sommarjobb og praksisoppgåver. Dette gjer vi fordi det er avgjerande for oss som bedrift å ha tilgang på ein velkvalifisert arbeidsstyrke lokalt. Erfaringsvis er det lettare å både rekruttere og behalde tilsette som har lokal forankring, for å unngå lekkasje av tilsette til meir sentrale strøk og dermed svekke Hywer sitt hovudkontor i Dale. Det er ikkje berre eit spørsmål om å oppretthalde eit utdanningstilbod; det er eit spørsmål om å sikre framtida vekst og berekraft i vårt lokalsamfunn. Vi er overtydde om at ved å oppretthalde heile studieløpet ved Dale vidaregåande skule, vil vi sikre tilgangen på kompetente og dyktige arbeidstakarar i åra som kjem.

I ei verd som stadig treng meir fornybar energi til det grøne skiftet er den største bekymringa til våre kundar (energiselskapa i heile Noreg) kor vidt leverandørbransjen har kapasitet til å levere på alt som kjem av oppgraderingsbehov til vasskrafta i åra framover. Ein av dei verkelege styrkane våre er tilgang til kvalifisert arbeidskraft i Dale, og i våre planar ligg ein betydeleg vekst innanfor akkurat den kompetansen som utviklast på Dale vgs. Vi har dei seinare åra rekruttert fleire flinke ungdomar frå skulen som nå utgjer sentrale pilarar i framtidas Hywer.

Gaute og Hans Oskar jobbar som montør og lærling hjå oss og har begge tatt utdanninga som industrimekanikar hjå Dale vgs. Dei er begge glad for at dei kunne ta heile studieløpet ved Dale vgs.

Vi oppmodar difor fylkespolitikarane til å sjå lenger enn berre eitt søkeår når dei vurderer framtida til Dale vidaregåande skule. Noreg og Hywer treng meir av desse folka, ikkje færre. Vi ber dei om å ta omsyn til både dei noverande og framtidige behova til bedriftene i regionen og vurdere korleis oppretthalding av heile studieløpet vil bidra til vekst og utvikling på lang sikt. Dale vidaregåande skule er ikkje berre ein utdanningsinstitusjon; den er ei grunnmur i vårt lokalsamfunn og gjev ungdommane våre moglegheita til å utvikle seg og bygge ei framtid her i regionen. I ei tid med aukande behov for kvalifisert arbeidskraft og lokal forankring, kan vi ikkje undervurdere viktigheita av å oppretthalde Dale vidaregåande skule i si heilheit. Vi i Hywer, saman med andre bedrifter i regionen, er avhengige av ungdommane våre, og vi treng den kompetansen som blir utvikla ved denne skulen.

Lat oss saman arbeide for å bevare og utvikle Dale vidaregåande skule og sikre at alle kan fullføre heile studieløpet på Dale vidaregåande skule.