Produkt og tenester

Boring og foring

Hywer har maskinar for å realisere prosjekt der det er nødvendig å etablere vassveg i fjell. Som eit alternativ til konvensjonell driving av tunnel kan retningsstyrt boring eller bruk av tunnelboremaskin (TBM) vere gode alternative løysingar. Hywer har ein borerigg for retningsstyrt boring, ein TBM og ein skyverigg for å skyve stålrør.

For kraftanlegg der det er nødvendig å etablere vassveg i fjell, må ein finne passande løysingar for utføring og etablering av vassvegen. Faktorar som speler inn på val av løysing, kan vere stigning og lengde mellom inngangen og utgangen i fjellet, tverrsnittsbehov i vassvegen, geologiske forhold, kostnad ved metode, massehandtering, myndigheitskrav og klimarekneskap for etablering av vassveg. Med ein borerigg for retningsstyrt boring og ein TBM har Hywer eit vidt spenn av moglege løysingar for etablering av vassveg i fjell. Riggane våre har fleire moglege konfigurasjonar for å tilpasse operasjonen til det spesifikke behovet for vassvegen.

Borerigg for retningsstyrt boring

For retningsstyrt boring eig Hywer ein Herrenknecht HK250C. Riggen vert bemanna av eksterne samarbeidspartnarar som har kompetanse på retningsstyring og boring. Eit typisk oppsett på og utføring av boring er at ein først går med ein pilot for å bore retninga på traseen og til eit ønska utslag. Deretter rømmer ein opp boreholet i trinn til ønska diameter. Lengda på vassvegen som skal etablerast i fjellet, vil vere avgjerande for om bruk av retningsstyrt boring er det beste alternativet. Hywer har bora vassvegar med lengde opp til 1250 meter slik riggen er sett opp i dag. Riggen er òg brukt i prosjekt der pilot allereie er bora og riggen er brukt for å rømme opp til ein større diameter. Storleiken og kapasiteten på riggen gjer at han kan vere aktuell å bruke til opprømming av eksisterande/forbora pilothol.

Tunnelboremaskin (TBM) for hardt og stabilt fjell

Hywer sin tunnelboremaskin, Snøhvit, er levert av Robbins og er ein open grippermaskin med 20 17’’ cuttarar og ein diameter på 2,8 m. Ein open TBM er svært godt eigna til å bore i hardt og stabilt fjell, slik det ofte er i Norge. Maskinen har eit sett med gripparar som spenner seg fast i fjellet ved boring, og sylindrar skyv maskinen framover. Ved eventuelle ustabile parti i fjellet er det gode moglegheiter for å kunne sikre like bak stuff under eit «finger shield» som gir god sikkerheit for arbeidarane. For å effektivisere massetransporten i tunnelen har Snøhvit eit transportband i taket på tunnelen. Dette fører massane bort frå cutterhovudet og heilt ut av tunnelen, der det er lettare tilgjengeleg for bortkøyring av masser. I praksis betyr dette òg at TBM-en kan bore så lange tunnelar som helst, då det gjerne er massetransport i tunnel som er dimensjonerande. Med eit transportband er ein heller ikkje avgrensa av hellinga i tunnelen, då myndigheitskravet om doble sett med gripparar berre gjeld ved stigningar over 25 prosent. Snøhvit har hittil bora tunnelar med helling på 16 prosent utan problem med stigninga. TBM-en går på elektrisitet, som gjer at han er et svært godt eigna på prosjekt der minimering av klimagassutslepp er viktig. Riggen vert bemanna og drifta av ein ekstern samarbeidspartnar som har kompetanse på driving med TBM.

Foring med stålrør

Med ein skreddarsydd PPP380-skyverigg frå Prime Drilling har Hywer òg moglegheit til å fore borehol/tunnelar med stålrør. Dette kan vere heilforing av borehol/tunnelar, der heile lengda av boreholet/tunnelen vert fora med stålrør, eller det kan vere delforing med stålrør fram til plassering av betongpropp. Stålrøra vert sveisa på anlegg og skyvd inn etter kvart som dei er sveiste. Det er utvikla løysingar for sveising av stålrør på anlegg saman med dedikerte sveisarar for å sikre god kontinuitet, kvalitet og framdrift i arbeidet, samtidig som ein legg til rette for gode arbeidsforhold og trygt arbeid. Skyveriggen har ein kapasitet på 380 tonn skyvekraft slik han er sett opp i dag, men er tilpassa for oppgradering til større kapasitetar ved behov. Han kan skyve rør med diameter frå 508–1219 mm, men Hywer har òg utvikla ein metode som tek større rørdiametrar, som er brukt på fleire prosjekt. Hywer har per utgangen av 2023 fora over 5000 meter med stålrør inn i fjellet.

Foring med foringsrigg på Eikemo kraftverk.

Foring på Øvre Kvemma Kraftverk (Foto: Sunnfjord Industri)