Referanser

Bakkelva kraftverk

Bakkelva kraftverk består av eit coanda-inntak øvst i dalen og ei røyrgate på ca. 2000 m med GRP-rør og duktile støypejernsrør. Nede ved kraftstasjonen vart det tatt omsyn til kulturminna ved den gamle ullvarefabrikken, og rørgata vart lagt bort frå kulturminna med eit fundamentert bend under bakken. Kvart år kjem fysikk-klassa på Dale vidaregåande skule på besøk for å prøve seg som vasskraftingeniørar med Bakkelva kraftverk som case.

Bakkeelva kraftverk er eit lite og kompakt kraftverk som vart bygd av Hywer i lag med lokale entreprenørar, Rainpower og Malthe Winje. Bygda hadde ein veg som gjekk opp mot fjellet, som måtte forlengast for å komme heilt opp til inntaksplasseringa.

Kraftverket er eit godt døme på miljøtilpassa, driftssikre og kostnadseffektive løysingar. Den kompakte kraftstasjonen rommar både turbin, generator, transformatorar og eige forbisleppssystem. Forbisleppssystemet slepp vatn ut til elva ved feil på nett eller anna, slik at vasstanden i elva nedstrøms av kraftverket varierer roleg nok til at fisk ikkje skal strande.

Kraftverket sin nærleik til hovudkontoret vårt i Dale gjer det ideelt å vise fram til fysikk-klassa på Dale vidaregåande skule, slik at dei kan prøve seg som vasskraftingeniørar. Elevane får mellom anna rekne på antal kubikkmeter betong som krevst for å halde igjen kreftane i bend og ventilar, og for å optimalisere damutforminga. Hywer har stor tru på den kommande generasjonen vasskraftingeniørar.

Oppstrøms av kraftstasjonen ligg det ein gammal ullvarefabrikk. Det vart gjort omfattande vurderingar av korleis ein kunne komme seg mest mogleg skånsamt forbi kulturminna. Det enda med at rørgata vart lagt rundt heile området, slik at det vart eit større bend med fundament ned mot stasjonen.

Rørlegging av duktile rør på Bakkelva

Kraning av turbintromma