Referanser

Mork kraftverk

Kraftverket er bygd av NGK Utbygging (no Hywer) som eit totalprosjekt for Hafslund E-co AS og vart sett i drift sommaren 2022. Kraftstasjonen ligg i Lærdal kommune i Vestland og har ein installert kapasitet på 9,9 MW med ein estimert produksjon på ca. 42 GWh.

Det vart i 2018 inngått ein avtale mellom NGK Utbygging og Hafslund Eco om å byggje ut Mork kraftverk som ein totalentreprise. Prosjektet var opphavleg konsesjonssøkt som eit stort prosjekt med ein høgt klassifisert dam og konvensjonelt driven tunnel. Det første som vart gjort, var å optimalisere inntaket og nedklassifisere dammen. Damhøgda vart redusert frå 8 m til 2 m, og inntaket vart prosjektert om til eit tyrolerinntak med sidestilt kanal der elva Kolda kunne renne over inntakskanalen. Dette reduserte kostnadane på prosjektet utan å påverke produksjonen noko særleg, samt at terrenginngrepa vart drastisk reduserte.

Den 3 km lange vassvegen på prosjektet var planlagd med konvensjonelt driven tunnel. Dette vart endra til å bli driven med TBM-en «Snøhvit», som er eigd av Hywer. Tunnelen har eit tverrsnitt på 2,8 m i diameter og er driven i hard intakt granitt. Trass i den harde bergarten så vart tunnelen driven på under eitt år. Reduksjonen i tverrsnitt gav positive miljøgevinstar ved at masseuttaket vart redusert til ein fjerdedel. Det vart laga ein rapport som samanlikna klimagassutsleppet for den TBM-drivne tunnelen med ein konvensjonelt driven tunnel på Mork. Rapporten viste at klimagassutsleppet vart redusert med 700 tonn CO2-ekvivalentar.

For å kunne rigge opp TBM-en krev det eit riggområde på rundt 80 m. På Mork vart det planlagt for at ein plasserte påhogget nær elva og laga ei bru over elva for å kunne rigge opp TBM-en. Den 13. november 2021 vart det gjennomslag i inntaket. Etter drivinga «rygga» TBM-en tilbake gjennom tunnelen og vart demontert på riggplassen ved kraftstasjonen. På denne måten kunne inntaket byggjast heilt ferdig medan ein dreiv tunnelen, og riggplassen ved inntaket kunne haldast til eit minimum.

Kraftstasjonen har eit grunnareal på ca. 100 m2 og inneheld ein peltonturbin, kontrollanlegg, hovudtransformator og høgspentanlegg i andre etasje. Kraftstasjonen vart plassert i nærleiken av riggområdet for TBM-en. Ein fekk då eit komprimert riggområde, og kraftstasjonen kunne byggjast medan ein dreiv tunnelen.